Annonse for Misjonssambandet skoler

Er du klar for å oppleve noko nytt? Misjonssambandet skoler gir deg ein spennande og sosial skulekvardag!

Vi i Misjonssambandet skoler arbeider for at du skal få kjempegod undervisning, men også for å gjera kvardagen elles innhaldsrik. På våre skular blir ungdommane godt kjende med kvarandre, rett og slett fordi dei brukar mykje tid i lag heile dagen. Vil du prøva?

Dei tolv skulane som til saman utgjer Misjonssambandet skoler, finn du over heile landet: Frå Finnsnes i nord, Grimstad i sør, Fredrikstad i aust og Haugalandet i vest. Til saman tilbyr me dei fleste programområda innanfor vidaregåande opplæring.

Ni av dei tolv skulane våre har internat. På desse skulane bur du saman med mange andre, på anten einerom eller dobbeltrom. Det betyr altså at ja, du er heimefrå, men sjeldan åleine! Ein et mange av måltida i lag, og elevane brukar mykje av fritida saman. «Sosialt, god undervisning, og ein fin overgang til vaksenlivet!» Slik omtalar gjerne elevane tida på Misjonssambandet skoler. Og det er målet vårt — at du skal trivast og læra, i eit trygt og godt miljø. Send gjerne søknad til ein av våre skular, anten du skal byrja i VG1, VG2 eller VG3.

— Heilt fantastisk miljø
Hausten 2023 kom Jonas Eide som heilt ny elev til Kongshaug Musikkgymnas. Kongshaug ligg idyllisk til ved sjøen i Bjørnafjorden utanfor Bergen.
— Det var fleire grunnar til at eg valde Kongshaug, men det at eg fekk vera på ein skule med elevar med same verdiar som meg spelte ei stor rolle. Her får eg også halda fram med musikk som er viktig for meg, fortel Jonas.

Jonas kjem frå Stord, og det var ikkje sjølvsagt at han skulle flytta vekk for å gå på vidaregåande. — Eg har mange gode band til heimplassen min, men vurderte også fleire andre skular. Så var det Kongshaug eg kom til å landa på, seier musikkeleven.

Han skildrar miljøet på Kongshaug som heilt fantastisk. Skulen er ikkje større enn at ein lett får kontakt med andre. I tillegg synest
han det er veldig kjekt å bu på internat, og trivst med mange jamaldrande rundt seg: — Her kan alle snakka med alle, og eg føler meg alltid velkommen. Her er det mange moglegheiter for å gjera ulike ting i lag på fritida Og skulle det bli for mykje, er det alltid mogleg å trekka seg litt tilbake, fortel Jonas. — Sjølvsagt kan det bli litt mykje skule av og til, men gode lærarar gjer skuledagen bra. Mykje ligg til rette for at me kan gjera skulearbeid i kvardagen. Og så har me i tillegg mange kjekke prosjekt i musikk og andre fag.

Men, må ein vera kristen!?
Skulane i Misjonssambandet skolar har ei kristen verdiforankring. Men det betyr ikkje at alle må vera kristne for å gå her. Det er viktig for oss at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva ein trur på. Fleire skular har tilbod om bibelgrupper og kristne møte på fritida, dette er noko elevane kan ta del i utanom skuledagen dersom dei ønsker det. Ei kristen forståing av verkelegheita og kva eit menneske er, er noko som er sentralt for desse skulane.

Det at Kongshaug er ein kristen skule, synest Jonas er flott. Han trekker fram det kristne miljøet som svært positivt: — Eg kjem frå ein stad der det ikkje var så mange kristne på skulen, så for meg var det godt å koma til ein plass der trua mi var noko eg hadde til felles med mange, avsluttar Jonas Eide.

På skulane kan du ta del i eit aktivt idrettstilbod, engasjera deg i friluftsliv eller bruka meir tid på hobbyen din. Kristne friskular har tilsette som er opptekne av å sjå ungdommane og inkludera alle. Miljø- og internatarbeidarar jobbar for det psykososiale miljøet, og elevane sjølv er meir innstilt på å få vener og inkludera alle. Mange elevar er flinke til å skapa liv og engasjement rundt seg når dei steller i stand ting etter skuletid.

Følg oss på Facebook

Les mer på misjonssambandetskoler.no